Dette er rødnesedagen

Rødnesedagen er en annerledes innsamlingsaksjon. Både fordi vi skal bruke humor og fordi alle er invitert til å være med! I hele november kan du ta på deg rød nese og gjøre morsomme, tullete og tøysete ting til inntekt for Redd Barna. På P4 kan du også høre kjendiser gjøre noe som fenger for penger hver dag fra 16. november. Den 29. november klokken 20.00 topper Rødnesedagen seg med et heidundrande tv-show, da kan du se på og le av komikere og kjendiser på TV3.

Les om årets begivenhet her

Spøk for spenn

 

Du kan gjøre hva som helst, bare du har det morsomt og får betalt for det.

 

Følg med her

 

Litt arbeid er berre bra

Are Kalvø

Are Kalvø er hovedstyremedlem i Redd Barna. Han har på sine reiser til landene Redd Barna jobber i selv opplevd barns situasjon på nært hold. Basert på dette og egne erfaringer har Are Kalvø skrevet denne spalten, som sto på trykk i Larm nr 3/09.

Barnearbeid? Phah! Barn har då aldri hatt vondt av å arbeide.
Då eg var barn, då arbeidde vi heile tida då. Eg arbeidde på garden heime frå eg var fjorten dagar gammal. Den dagen eg fylte to veker, sa far min at no er det slutt på å ligge her og dra seg. Så var det ut for å hesje høy og slå gras og luke bed og slå plen og plante skog og høgge tre og lute fisk og speke kjøt, ti-tolv timar kvar dag, heilt fram til eg blei gammal nok til å køyre traktor i eittårsalderen. Så var det ut for å måke snø, rydde stein, mate katten, tørke høy, speke fisk, lute kjøt og hogge gras. Slik gjekk dagane. Snødde gjorde det også, samanhengande i nesten seks år. Men klagde eg? Ja, sjølvsagt. Men eg stod alltid åleine i skogen og hogde og sagde og treska, så det var ingen som høyrde meg. Så begynte eg på skulen, så då måtte eg stå opp klokka halv fire kvar norgon for å rekke alt eg måtte rekke før første time: Treske ved, hogge hus, speke katten, lute høy, rake lauv og ete frukost. Og frukosten måtte eg sjølvsagt lage sjølv. Bake brød, mjølke mjølk, yste ost, speke skinke, trønde får og koke smør. Om eg ville ha egg, måtte eg verpe dei sjølv. I første friminutt var det heim for å tørke stein og hogge katten og hjelpe mor med innhaustinga av lut og kaldt vatn. I andre friminutt var det heim for å måke mor og speke stein. Meir enn to skuletimar per dag hadde eg aldri tid til, for det var alltid noko som skulle lukast eller kastast eller brånast eller måkast. Så då bar det ut i skogen og opp på fjellet og ut i båt på åkeren for å luske lauv og speke spett og hakke gaupe og herse med framandfolk. Og medan eg stod der i båten på åkeren og huka fjell og hauka tre, så måtte eg lære meg å lese og skrive og rekne heilt sjølv. Men klagde eg? Ja. Og no var eg flinkare til å klage enn før, for no hadde eg lært meg grammatikk. På eiga hand. I skogen. Eg var ein streng lærar. Viss eg ikkje gjorde leksene mine, gav eg meg sjølv kjeft og av og til slo eg meg sjølv eller kalla inn meg sjølv til rektors kontor. Og rektors kontor måtte eg sjølvsagt bygge sjølv. Det var kanskje hardt, men det blei folk av meg.

Larm utgis av PRESS Redd Barna ungdom, se www.press.no.